Gardsveka i 8. klasse

8. klasse har no vore utplassert på gard, og attendemeldingane frå elevane tyder på at dette var populært.
3.-7. mai hadde 8. fokus på primærnæringa i vår region, dvs landbruket. Måndag 3. mai fekk dei informasjon om landbruksorganisasjonane og om Ottadalen Mølle. Tysdag 4. mai var dei på bedriftsbesøk i Lom, der dei besøkte Lom og Skjåk ysteri og Ottadalen Mølle. På Ottadalen Mølle fekk dei t.d. høve til å smake på pellets. Etter at dei var attende i Vågå fekk dei informasjon om utdanningsprogrammet naturbruk i vidaregåande.

Onsdag til fredag var dei utplassert på gard, der dei avhengig av kvar dei var utplassert m.a. fekk prøve seg på mjølking, lamming, steinplukking, hagearbeid og vedarbeid. I rapportane dei har skrive frå desse dagane med utplassering, ser det ut til at dette var populært. Da rådgjevar var på besøk hjå to jenter som var utplassert på Sørem, hadde dei nettopp teke mot eit lam heilt på eiga hand. På spørsmål om korleis det var å vera der, fekk eg til svar at det var "råartig". Kommentarar som "knallbra", "artig" og "interessant" går att i mange av rapportane. Attendemeldingane frå gardbrukarane som har hatt elevane i arbeid er like positive. Dei gjev i attestane uttrykk for at det har vore så triveleg å ha elevane våre utplassert, og det er mykje ros for god arbeidsinnsats og fin framferd.